top of page
  • Instagram
  • Snapchat
  • Facebook

Spørsmål & Svar

Kva er Zellr?

Zellr er systemet vi nyttar oss av for at alt skal gå knirkefritt frå du legg inn varene som du vil selje, til pengar frå salet står på konto. Når du bookar ein stand vil du få tilsendt ein epost til adressa som du oppgir med innloggingsinformasjon. Der finn du både brukarnamn og passord som du nyttar for å logge inn anten du vel å klikke på linken i eposten, eller nyttar Zellr sin app. Om du ikkje får eposten, så ta kontakt med oss, så sender vi deg nytt brukarnamn og passord.

Kva må eg gjere før eg kan "opne" standen min?

Før du kjem til butikken for å fylle standen så er det lurt å ha gjort litt forarbeid. Leit fram det som skal seljast, og sjå over at det er heilt og reint. Gjer deg opp ei meining om kva det skal koste, og legg inn informasjonen i appen eller i nettleser. Du nyttar fana "produktark" på Zellr si side for å legge inn dine produkt.

Kvifor må eg skrive under på ei kontrakt?

Første gong du kjem i butikken, som "ny kunde" må du signere ei kontrakt med våre retningsliner. Dette vert gjort for at både vi som butikk, og du som kunde skal vite kva som vert forventa av kvarandre.

Når kan eg ta i bruk standen?

Når du har bestilt din stand, så kan du gjere den klar ein time før vi stenger for dagen, dagen før leigeperioden byrjar. Det vil seie mandag - onsdag 16:00, torsdag og fredag 17:00 og laurdag 14:00. Opningstidene kan endre seg i fellesferie samt høgtider.
Avtal på førehand om du ikkje har høve til å stille opp dine varer i løpet av første dag av leieperioden, om ikkje kan Smått og Stort utan varsel leige ut standen til andre.

 

Er varene mine forsikra?

Vi freistar så godt vi kan å ta vare på varene dine, og sørge for at dei står trygt og godt. Men om noko skulle verte skada, mista eller stjålet frå butikken, så kan ikkje Smått og Stort verte heldt ansvarleg for det, og varene vil ikkje verte erstatta. Ei heller er vi ansvarlege for dine varer ved ev. brann- eller vasskadar. Høyr med eige forsikringsselskap om dette skulle verte aktuelt.

 

Kan eg selje kva som helst?

Sjølv om vi ynskjer at du skal få selje stort sett kva som helst, må vi ta nokre atterhald.

 

Eksempel på kva du ikkje kan selje:

Levande dyr

Tobakk eller nikotin

Alkohol

Narkotika eller utstyr som kan relaterast til slikt

Våpen/sprengstoff

Mat og drikke (Gjeld ikkje for ev. bedriftskundar)

Pornografisk eller upassanade materiale

 

Du som seljar er sjølv ansvarleg for å ha eigedomsrett til varene som du har i din stand, samt løyve til å selje dei.Om vi mistenkjer at noko av det som vert presentert i butikken er tjuvgods så vil politiet verte kontakta.

 

Kan eg endre prisane på varene mine?

Vil du endre prisar på enkeltvarer undervegs så skal det settast på ny prislapp på vara. Håndskrivne prisar er ugyldige av sikkerheitsmessige årsakar..

Må ein nytte Smått & Stort si prismerking?

Ja det må du. Sjølve prislappen kan nok sjå liten og ubetydeleg ut, men den lagrar mykje informasjon som er viktig. Den held styr på kven si vare det er, kva stand den høyrer til og kven som skal ha betalinga for vara.

 
Kan eg ha selje ut varene med rabatt?

Sjølvsagt kan du det. Det lettaste er å ha ein fast rabatt på alle varene, du kan då velje mellom 25 eller 50 prosent rabatt. Dette gjer du enkelt i appen, skilt som markerar sal får du låne i butikken. Vil du endre prisar på enkeltvarer så må du sette på ein ny prislapp. Handskrivne prisar er ikkje gyldige.

Eg driv eit firma, kan eg likevel leige meg ein stand?

Om du ynskjer å selje bedriftsprodukt hos Smått og Stort så ber vi om at du tek kontakt via telefon eller kom innom butikken slik vi får lagt ein god plan for gjennomføringa av dette. Du er då sjølv ansvarleg for å rapportere korrekte opplysningar om dette til skattemyndigheitene, og ved bestilling av stand må du opplyse om at du sel varer frå eit momsregistrert firma.

Når må standen tømast?

Standen skal vere tømt og rydda seinast ein time før stengetid på leigeperioden sin siste dag.  Det vil seie mandag - onsdag før 16:00, torsdag og fredag før 17:00 og laurdag før 14:00. Opningstidene kan endre seg i fellesferie samt høgtider.
Du er sjølv ansvarleg for å tømme standen. Det er viktig at alle prislappar vert verande på til du har forlete butikken slik at det ikkje oppstår uklarheiter om eigedomsforhold rundt varene.
  Om standen ikkje er tømd til rett tid vil Smått og Stort pakke ned varene. Det vil då påløpe eit administrasjonsgebyr på 200,- kroner. Du kan også bestille nedpakking, noko som kostar 150,- kroner når det er avtalt på førehand. Varer som er pakka ned av Smått og Stort vert lagra i butikken inntil 14 dagar. Om dei ikkje er henta innan då står Smått og Stort fritt til å selje, donere ev. kaste varene.

Når får eg pengar for salet?

Smått og Stort utbetalar i hovudsak 81% av det samla salget til deg. På temastandar, eller andre spesialstandar, kan beløpet ver anna, men det kjem tydeleg fram. Av sikkerheitsmessige omsyn vert det ikkje oppbevart kontantar i butikken, så utbetalinga skjer direkte til konto.

Vert namnet mitt knytt til standen på noko vis?

Smått og Stort nyttar seg av både lokalaviser og sosiale medier i marknadsføringa. Bilete av standar og produkt kan bli lagt ut offentleg, men vi vil ikkje offentleggjere kven som eig varene eller standane. Om du sjølv ynskjer å offentleggjere det, står du sjølvsagt fritt til det. Vi deler gjerne bilete frå dine SoMe kanalar, om du taggar oss.

 

  • Instagram
  • Snapchat
  • Facebook

OPNINGSTIDER

Måndag
Tysdag
Onsdag
Torsdag

Fredag
Laurdag
Søndag

10.00 - 17.00
10.00 - 17.00
10.00 - 17.00
10.00 - 18.00
10.00 - 18.00
10.00 - 15.00
Stengd

© 2023 by Smått & Stort. 

70 25 10 83  //  ingvill.aure@gmail.com

bottom of page